Skolefagsundersøkelsen 2011

 

Skolefagsundersøkelsen 2011 gir oppdatert kunnskap om ulike sider ved skulefaga kroppsøving, kunst og handverk, mat og helse og musikk slik desse blir praktiserte på barnesteget i den norske grunnskulen. Innsamlinga av data er gjort gjennom ei omfattande nettbasert nasjonal undersøking retta mot praktiserande lærarar på barnesteget. Rapporten byggjer på ein analyse av 794 svar frå desse lærarane gjennomført av ei tverrfagleg forskargruppe ved Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskolen i Bergen. Metodiske spørsmål er gjort greie for og drøfta i første kapitlet i rapporten.

I kapittel 1 i rapporten, ”Metode eller danningsfag? Lærarperspektiv på praktiske og estetiske fag på barnesteget”,  blir det fokusert på det som er felles for faga. Kapittel 2, ”Kroppsøving på barnesteget- vektlegging av leik og rørsleglede” ser nærare på læraroppfatningar av kroppsøvingsfaget; kapittel 3, ” Kunst og håndverk i barneskolen- et fag i oppløsning?” drøftar resultat frå undersøkinga i eit faghistorisk perspektiv og kapittel 4, ”Mat og helse på barnetrinnet- praktisk men ennå ikke kreativt”, peikar på at faget på dette trinnet først og fremst framstår som et praktisk fag. I det siste kapitlet i rapporten, ”Musikkfaget på barnesteget- et redusert musikkfag?”, drøftar forfattarane om et lite fag er blitt ennå mindre gjennom det valet av læringsaktiviteter lærarane synes å leggja opp til.

 

Les heile rapporten her