Write a Science Opera

Write a Science Opera (WASO)
Leiar: Førsteamanuesis Oded Ben-Horin (oded.ben@hsh.no)

WASO logo colors

 

Write a Science Opera (WASO) er eit kreativt kunst – og naturfagleg utdannings konsept, der elevar på ulike trinn lagar ei vitskapsbasert førestilling, saman med  lærarar, operakunstnarar og forskarar.

WASO vart utvikla for å imøtekoma utfordringa både i EU og Noreg med å rekruttera nok studentar som ynskjer ein karriere innan Naturfag\Teknologi\Ingeniør\Matematikk (STEM) faga. Samstundes har dei europeiske myndigheiter bestemt seg for å gå nye vegar, og finna ut korleis kreativitet kan nyttast som hjelpemiddel. Her understrekast behovet for integrering av naturfag, kreativitet, kultur og kunstfag på eit europeisk nivå. Som eit resultat av desse tendensane, tilbyr WASO  følgjande:

1. Ein samanslåing av kunst, naturfag, og utdanning på kreative måter, for så å tilby eit innovativt blikk på moglegheitane i tverrfagleg samarbeid og metodar.
2. Gjer det mogleg og skapar anledning til originale måter å stille spørsmål på, samt kunnskapsutvikling.
3. Læring og oppleving av opera genren og tverrfagleg kunstproduksjonar.

WASO er for tida aktiv innen 2 europeiske prosjekt:

Deltakarar: Oded Ben Horin, førsteamanuensis, Frode Hammersland, høgskulelektor i musikk, Kirsti Aksnes, høgskulelektor i drama og professor Magne Espeland.

WASO får mye positiv omtale i pressen. Følgjande artikkel var å lese i Framtida etter sommerkurset i 2014: Lærer naturfag gjennom opera