Improvisation in Teacher Education

Improvisation in Teacher Education

Leiar: Professor Knut Steinar Engelsen
Forskingsleiar: Professor Magne Espeland

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt med forskingsprogrammet Praksis- Fou og finansiert av Norsk Forskingsråd, 2012- 2016

Forskingsfokuset i prosjektet er sentrert rundt eit overordna omgrep som me ser på som avgjerande i utviklinga og studiet av lærarutdanning som dynamiske prosessar, og dermed også for utviklinga av læraridentitet. Dette omgrepet er improvisasjon, knytt til studentane si spontane så vel som godt førebudde handsaming av:

  • didaktisk og fagdidaktisk kunnskap og dugleikar i og på tvers av ulike undervisningskontekstar og i samspel med elevar
  • eksempel på innhald, aktivitetsformer og artefakter i og på tvers av undervisningskontekstar
  • formativ vurdering og tilhøyrande refleksjon hjå elevar, studentar, praksislærarar og andre lærarutdannarar

Sjå prosjektet sine eigne prosjektsider: IMTE