Vigdis Vangsnes

Vigdis Vangsnes, bilde

Vigdis Vangsnes er førsteamanuensis i drama, avdeling for lærarutdanning og kulturfag ved HSH. Ho disputerte våren 2014 ved psykologisk fakultet, Universitetet i Bergen med avhandlinga The Dramaturgy and Didactics of Computer Gaming – A Study of a Medium in the Educational Context of Kindergartens. Vangsnes sin PhD-studie var del av eit større NFR-støtta forskingsprosjekt ved HSH, kalla DIGOB (Digitale objekts plass i barns sosiale og språklege danning i barnehagen). I samband med dette har ho publisert fleire artiklar i internasjonale tidsskrift og presentert funna på pedagogiske konferansar som EARLI og EECERA.

Ho er i dag medlem av IMTE-prosjektet ved HSH der ho særleg fokuserer Iscenesett pedagogikk – undervisingas improvisatoriske dramaturgi og Øvingsrommet som strukturell og didaktisk innramming av lærarutdanninga ved HSH.

Som førsteamanuensis i drama underviser ho på bachelorutdanninga og på dei to masterutdanningane ved avdeling for lærarutdanning og kulturfag; master i kreative fag og læreprosessar og på IKT i læring. På masterstudiet har ho ansvar for tema som estetiske læreprosessar, dramaturgi og performativitetsteoriar. Ho har undervisingserfaring frå grunnskule og dei siste åra frå høgskulen. I ein periode var Vangsnes kunstnarleg og pedagogisk leiar for Vestlandske Teatersenter (VT), eit ressurssenter for drama og teater i Bergen med fokus på barn, unge, amatørteater og organisasjonar. God scenekunst og ny dramatikk er eit hovudmål for VT, og VTs intensjon er å stå for eit best mogeleg samla teatertilbod for barn og unge på Vestlandet.

VT representerer teaterverksemd på mange felt:

  • Kurs og kompetansesenter
  • Medlemsservice for amatørteaterlag og organisasjonar
  • Teaterskole for barn og unge

Forskingsinteresser: Dramaturgi og performativitetsteoriar, fiksjon, improvisasjon, nye medium, populærkultur, kommunikasjon, lærarroller, didaktikkens dramaturgi

 

Vigdis Vangsnes is an associate professor in drama in education at Stord/Haugesund University College (HSH), Faculty of Teacher and Cultural Education. She has recently been part of the research program The Role of Digital Objects in Children’s Social and Linguistic Growth in Kindergartens, funded by the Norwegian Research Council (NRC), focusing on the use of digital technology in kindergartens.  The general, common theme of the project was the place of digital objects in children’s social and linguistic formation and her part of the research program focused on the dramaturgy of educational digital games and the didactic challenges the practitioner faces when these games are implemented in educational contexts. As a result of the study, several articles have been published in international journals and additional articles are under review. The study has been presented at international educational conferences like EARLI and EECERA. The title of her PhD was The Dramaturgy and Didactics of Computer Gaming – A Study of a Medium in the Educational Context of Kindergartens.

Vangsnes is today part of the IMTE research project at HSH where she focuses on Staged didactics – The improvisational dramaturgy in education and The Rehearsal Room as a way of structuring and framing didactics.

As associate professor she teaches bachelor students and master students in drama, performance theories and aesthetics as well as ICT in education.  Vangsnes has teaching experience from primary and secondary school and the two last decades from University College. For a couple of years she was the artistic and educational leader of Vestlandske Teatersenter (VT), a theatre and drama resource center for children and youths in Bergen.
VT`s main focus is on children, youths, amateurs and organizations and represents theatre activities in many fields:

  • Training and Competence
  • Membership Services for amateur theatre groups and organizations
  • Theatre School for Children and Adolescents

Research interests: Dramaturgy, performance theories, fictional environments, improvisation, new media studies, popular culture, communication, teacher roles, the dramaturgy of didactics