Ingrid Grønsdal

Ingrid Grõnsdal

Ingrid Grønsdal (ingrid.gronsdal@hsh.no) er høgskulelektor musikk ved Avdeling for lærerutdanning – og kulturfag.

Ingrid Grønsdal vart 2014 tilsett i midlertidig stilling som høgskulelektor i musikk og har gradvis teke over undervising av musikk barnehagelærarstudentar, i tillegg til undervising i emnet profesjonsfag for faglærarstudentar i musikk.  Ho arbeider for tida også to store prosjekt. Det eine er “CoDime- Connecting Diveristites in Music Education” (finansiert av SIU) og dette er eit prosjekt som tek mål av seg å utvikla og  oppretta ei internasjonal felles mastergrad innan musikkpedagogikk. Dette prosjektet er utvikla i lag med høgskulelektor og seksjonsleiar for musikk, Synnøve Kvile, og partnarar frå University of Rzeszow, Polen, Universitetet i Umeå, Sverige, og Luca School of Arts, Belgia. Det andre prosjektet, som ventar på svar om finansiering frå Norgesuniversitetet,  er kalla “Touching Sounds: Exploring Aestetic of Music Technology in Early Childhood Education (TouchMusT)”. Dette prosjekte har to hovudmål: Å heva den digitale kompetansen blant høgskulelektorar og studentar på barnehagelærarutdanningane ved HSH og HiB, samt å nytta teknologien Makey Makey til å laga estetiske opplevingsrom for barnehagebarn.

Heimeside: Ingrid Grønsdal