Helga Aadland

Helga Aadland

Helga Aadland (helga.aadland@hsh.no) er høgskulelektor i kroppsøving ved Høgskulen Stord/Haugesund, der ho underviser i kroppsøving i grunnskulelærarutdanninga og i fysisk fostring i barnehagelærarutdanninga. Aadland held på med førstelektorprogram og driv med forsking og utviklingsarbeid retta mot grunnskulelærarutdanninga. Ho har vore med i Skolefagsundersøkelsen 2011 og har publisert funn der i frå i artikkelen «Kjekt å ha!»: Læraroppfatningar av praktiske og estetiske fag på barnesteget i grunnskulen i InFormation Nordic Journal of Art and Reseach, volum 3, nr 1 (2014) og i rapporten Skolefagsundersøkelsen 2011, HSH-rapport 2013/7. Helga Aadland har også presentert forskingsresultat frå Skolefagsundersøkelsen 2011 på Nasjonal konferanse i kroppsøving i 2012, 2013 og 2014 og på dei internasjonale konferansane NERA 2013, EAPRIL 2013 og AERA 2014. Ho har utdanning i friluftsliv, tilpassa opplæring i idrett og har hovudfag innan idrett for funksjonshemma frå Norges Idrettshøgskule og allmennlærarutdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tidlegare har ho undervist i grunnskulen og i vidaregåande skule.